Kva tyder det at norsk skriftspråk har stor valfridom? Gje døme på dette.
Då me var i union med Danmark, var dansk det offisielle skriftspråket til Noreg. Men då me kom i union med Sverige, og fekk vår eigen grunnlov i 1814, var det stor stemning for å få vårt eige, norske språk. Men Noreg blei splitta, då ikkje alle var for dette med å skape eit heilt nytt språk av dialektane. Dei ville heller ha grunnleggjande dansk, men fornorske orda. Dette har ført til at Noreg har to skriftspråk; Nynorsk og bokmål.
Valfridommen i desse skriftspråka er veldig stor. Du kan sjølv velje om du vil skrive nynorsk eller bokmål, eller du kan velje om du vil skrive –en eller –a i endingane. F.eks: solenàsola, jentenàjenta. Det er veldig greitt når du kan velje sjølv kva du vil skrive ettersom du føler at språket blir meir ditt eige og meir personleg, da du sjølv kan bestemme kva ending du vil ha etter kva dialekt du har. Sidan 1890-talet har det vore vanleg å kunne velje mellom ulike skrivemåtar i det norske språket.
”Målet med språkleg valfridom er at alle skal føle seg heime i det skriftspråket dei bruker”. Dette skriver Dag Gundersen i ”Om valgfrihet i norsk rettskriving”.
Kilder:
http://www2.hivolda.no/jpv/spraaknormer.htm
http://noddi.com/Presentasjoner/Sprakhistorie_1900.pdf
http://www.nationen.no/meninger/gjestekommentar/article3107329.ece
http://www.sprakrad.no/Politikk-Fakta/Fakta/
Norskbok ”SPENN”