onsdag 26. mai 2010

Valfridom i norsk skriftspråk




Kva tyder det at norsk skriftspråk har stor valfridom? Gje døme på dette.

 

Då me var i union med Danmark, var dansk det offisielle skriftspråket til Noreg. Men då me kom i union med Sverige, og fekk vår eigen grunnlov i 1814, var det stor stemning for å få vårt eige, norske språk. Men Noreg blei splitta, då ikkje alle var for dette med å skape eit heilt nytt språk av dialektane. Dei ville heller ha grunnleggjande dansk, men fornorske orda. Dette har ført til at Noreg har to skriftspråk; Nynorsk og bokmål.

 

Valfridommen i desse skriftspråka er veldig stor. Du kan sjølv velje om du vil skrive nynorsk eller bokmål, eller du kan velje om du vil skrive –en eller –a i endingane. F.eks: solenàsola, jentenàjenta. Det er veldig greitt når du kan velje sjølv kva du vil skrive ettersom du føler at språket blir meir ditt eige og meir personleg, da du sjølv kan bestemme kva ending du vil ha etter kva dialekt du har. Sidan 1890-talet har det vore vanleg å kunne velje mellom ulike skrivemåtar i det norske språket.

 

”Målet med språkleg valfridom er at alle skal føle seg heime i det skriftspråket dei bruker”. Dette skriver Dag Gundersen i ”Om valgfrihet i norsk rettskriving”.

 

 

 

Kilder:

http://www2.hivolda.no/jpv/spraaknormer.htm

http://noddi.com/Presentasjoner/Sprakhistorie_1900.pdf

http://www.nationen.no/meninger/gjestekommentar/article3107329.ece

http://www.sprakrad.no/Politikk-Fakta/Fakta/

Norskbok ”SPENN”

2 kommentarer:

Ann Kristin sa...

Syns du klarte å løyse oppgåva veldig bra! Eg er ein av dei som er veldig positive til nynorsken, og er glad for at me kan velge endingane i mange av orda. Viss eg skriv ein stil på nynorsk, så blir det ikkje naturleg for meg å skrive "jenten, boken" osv. Men siden me har så stor valfridom så kan eg jo skrive "boka, jenta", og det lignar jo meir, som du skriv, på dialekta vår.

Elin Salvesen sa...

Kortfatta og bra oppsummert, og god kjeldebruk. Du kunne kanskje nemnt omgrepa konservativ og radikal. Ein kan skrive konservativ eller radikal bokmål, og konservativ eller radikal nynorsk. Radikal tyder at ein bruker dei formene som er mest likt den andre målforma. Radikal nyorsk og radikal bokmål er faktisk nokså likt, medan konservativ nyn og konservativ bokm ligg langt frå kvarandre.